Arrangement på Kringkasteren Erdal der Marianne Juvik Sæbø har med elevane frå Musikalhuset

AKRA – Amatørkulturrådet Askøy

AKRA vert til

Kultursjef Gunnar Brynjulfsen i Askøy kommune kom i 2016 med ein førespurnad til styret i ASM (Askøy Sang og Musikksamskipnad) om å danne eit kulturråd i Askøy. Bakgrunnen for at han tok kontakt var eit ønske om å samle kulturen under ein og same paraply og styrkje samhaldet. Skipinga av eit samla kulturråd er forankra i kulturplan for kommunen og fylket.

Saka vart tatt opp på årsmøtet i ASM i 2017. Årsmøtet gav styret godkjenning til å finne fram til ein prosess for å opprette eit kulturråd.

Fram mot årsmøtet 2018 vart det jobba med å ta kontakt med dei ulike lage. Responsen var ikkje stor. Årsmøtet i ASM 2018 bestemte likevel at arbeidet skulle halde fram.

Styret i ASM gav Geir Storrø og Jon Per Remme mandat til å gå i gang med å opprette eit interimstyre og sette opp statuttar.

Vi tok kontakt med personar som vi følte kunne gjere ein god jobb og hadde interesse for å jobbe for kulturen på Askøy. Marianne Juvik Sæbø, Marita Hilleren og Ivar Bjørsvik var med. Osmund Kringstad kom inn etter kvart.

 

Interimsstyret fortsette som styre. Bilete er tatt på skipingsdagen.
Foran fra venstre: Jon Per Remme, Marianne Juvik Sæbø, Ellen Horn, Osmund Kringstad
Bak fra venstre: Geir Storrø, Ivar Bjørsvik, Marita Hilleren


Interimstyre vart valt på eit møte på Kleppestø ungdomsskole den 30.10.2018.

·        Leiar                                       Geir Storrø , ASM / Follesø Mannskor
Nestleiar:                                Marita Hilleren, Kulturlosjen / Roots
Kasserar/økonomi:                 Ellen Horn, Askøy ungdomslag
Styremedlem/Økonomi:        Ivar Bjørsvik, UL Viljen / Ravnanger Grendahus
Styremedlem:                        Osmund Kringstad, Askøy Beatklubb
Styremedlem:                        Jon Per Remme, Mannskoret Ljom
Styremedlem:                        Marianne Juvik Sæbø, Musikalhuset

På Idretts- og kulturkonferansen Askøy i 2019 vart interimsstyret presentertog lag og organisasjonar innan

kultur i Askøy vart inviterte til å melda seg inn.

 

Namn på kulturrådet vart eit tema

Vi var ei stund inne på Kulturrådet i Askøy. Men etter kvart kom vi fram til at dette skulle vere for Amatørkulturen og dermed vart det Amatørkulturrådet Askøy, AKRA.

 

Skipinga

Mai 2019 vart desse medlemmane tekne opp:
Foreningen Bergen Kringkaster (40), Askøy Beat Club (25), Ramsøy Blues Club (60), Ungdomslaget Viljen (27), Kulturlogen (10) Musikalhuset AS (57), Askøy Museumslag (120), Askøy ungdomslag (52), Radio Askøy/Askøy Nærradiolag (65), Jon Per Remme, Ove Sognnes, Geir Storrø, Amcar Askøy (130), Askøy Jeger og Fiskeforening (250), Askøy Mållag (53), Strusshamn Sax (6).

Det hadde vore medlemstreff på Bergen Kringkaster og arrangert opplæring i Tilskuddsportalen.
Tilskuddsportalen har AKRA jobbet hardt for å få kommunen med på å finansiere.

 

21. mai 2019 vart Amatørkulturrådet stifta i formannskapssalen i Rådhuset i Kleppestø. På førehånd var det sendt ut invitasjon til dei vi meinte var aktuelle lag og organisasjonar på Askøy.

Til stedes var: Geir Storrø, Ellen Horn, Osmund Kringstad, Ivar Bjørsvik, Marianne Juvik Sæbø, Jon Per Remme, Ove Sognnes, Per Åge Fagerli, Hans Birger Drange, Marie Espeset og Aud Elin Målsnes. Kultursjef i Askøy, Gunnar Brynjulfsen var også til stades.
Namnet AKRA (Amatørkulturrådet Askøy) vart vedtatt.

Skipingsdokumentet vart underskrive av dei som var til stades. Vart styret konstituert slik:


Interimsstyret
 fekk i oppgave å fortsette som styre i AKRA på styremøte den 4. juni 2019

·        Leiar                                        Geir Storrø
Nestleiar:                                 Marita Hilleren
Kasserar/økonomi:                  Ellen Horn
Styremedlem/Økonomi:          Ivar Bjørsvik
Styremedlem:                          Osmund Kringstad
Styremedlem:                          Marianne Juvik Sæbø
Styremedlem:                          Jon Per Remme

 

AKRA var no etablert, og ein organisasjon som har regulære møte med kulturavdelinga og den politiske leiinga i Askøy kommune

Det er også oppretta kontakt med kulturråd i andre regionar i Hordaland. Spesielt Kulturrådet i Bergen som var aktiv hjelpar og støtte då AKRA vart oppretta, har det vore jamlege møte med. 

Med Hordaland fylkeskommune og i ettertid Vestland fylkeskommune er det no etablert god kontakt.

2020

Det neste styret vart valt for 2020, og det ser slik ut:

·        Leiar (1 år)                              Geir Storrø
Nestleiar (2år)                        Kari-Anne Stikholmen
Sekretær (1 år)                       Osmund Kringstad
Økonomi (1 år):                     Ellen Horn
Styremedlem (1 år)                Ivar Bjørsvik
Styremedlem (2 år)                Jon Per Remme
Styremedlem (2 år)                Lisbeth Fauskanger
Varamedlem (1 år)                Marianne Juvik Sæbø
Varamedlem (2 år)                Ove Sognnes

 

Medlemsutviklinga.

I løpet av 2020 har medlemsmassen i AKRA vokse frå 1566 medlemmer til 2213 medlemmer fordelt på 44 lag og 8 enkeltpersonar. Altså ein tilvekst på 674 medlemmer.

2021

Når det gjaldt val av styret på årsmøte vart resultatet slik:

·        Leiar (1 år)                                                               Geir Storrø
Nestleiar (ikkje på val, 1 år igjen)                            Kari-Anne Stikholmen
Sekretær (Valt for 2 nye år)                                     Osmund Kringstad
Økonomi (Valt for 2 nye år)                                    Ellen Horn
Styremedlem (ikkje på val, 1 år igjen)                     Lisbeth Fauskanger
Styremedlem (ikkje på val, 1 år igjen)                     Jon Per Remme
Styremedlem (Valt for 2 nye år)                              Ivar Bjørsvik
Varamedlem (ikkje på val, 1 år igjen)                     Ove Sognnes
Varamedlem (Valt for 2 nye år)                              Marianne Juvik Sæbø

 

Valkomite:

·        Marita Hilleren, Kulturlosjen (Valt for 2 år)
Per Dagfinn Green, Foreningen Bergen Kringkaster (Valt for 2 år)
Marie Espeset, Askøy Nærradio (Valt for 1 år)

Revisor:

·        Tove Breivik, Sangforeningen Ekko (Valt for 2 år)

  • AKRA er no høyringsinstans for kultursaker på lik linje med ASM og IRA (Idrettsrådet Askøy).
  • AKRA jobbar med å forbetre eksisterande kultursalar/rom og er med i utforminga (akustikk) av den nye Kultursalen på Askøy videregåande skole på Myrane i Kleppestø.
  • Fargeriet i Strusshamn er også noko som vi fylgjer oppfor å få ferdigstilt. Koronapandemien har vore med på å gi AKRA utfordringar og nye oppgåver.
  • Samarbeidsavtale mellom AKRA og Askøy kommune er på gang og er nær ved å bli signert av administrasjon og politikarar.
  • Oppgåvenen no fremover blir å få på plass tilgang til skular for korps, kor, teater og bygdelag.
  • Kulturkonferansen er planlagt til 1. og 2. oktober.


31.10.2021         Jon Per Remme